Borgarfjörður
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Borgarfjörður er ein fjord vest på Island nær byen Borgarnes. Vatnet i Borgarfjörður ser roleg ut, men fjorden har eigentleg farlege undervasstraumar.

Det ligg mange flate øyar i fjorden, men dei er stort sett ikkje busett.
Nær Borgarnes går hringvegur over ei halv kilometer lang bru.
Området rundt fjorden har vore busett sidan Island vart kolonisert og fleire hendingar i Islendingesogene, som soga om Egil Skallagrimson fann stad her.
Namnet på fjorden ser ut til å ha kome frå garden Borg, som i følgje sogene vart grunnlagd av far til Egil, Skallagrímur, som tok landet rundt fjorden og dermed gav fjorden namnet Borgarfjörður.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Borgarfjörður» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2007.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads