Panserfuru
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Panserfuru (vitskapleg namn Pinus heldreichii eller Pinus leucodermis) er ein treart i furuslekta. Arten tilhøyrer underseksjonen Pinaster, som hovudsakleg er utbreidd i middelhavslanda. Denne balkanske furua veks vilt i Bosnia, Montenegro, Serbia, Bulgaria, Makedonia, Albania, Hellas og på eit lite område i det sørlege Italia.
Treet blir 20–35 meter høgt, med ein diameter på inntil to meter. Nålene, som kan bli 10 cm lange, sit i par og er grøne. Konglane er harde og inntil 9 cm lange. Dei har tynne skjel, og før modninga er dei blå-purpur-farga. Borken er fura med små skjold av borkskjel, brungrå eller mattgrå i fargen.
Arten kan truleg bli 1 300 år gammal. Han veks på 900–2 500 moh. Trea toler temperaturar ned til −45 °C og er populære hage- og parktre.
Remove ads
Kjelder
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads