Bougainville

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bougainville
Remove ads

Bougainville er ei øy og ein autonom provins i Papua Ny-Guinea. Provinsen dekkjer 9 318 km² og 234 280 innbyggjarar. Hovudstaden til provinsen er Arawa. Presidenten heiter Joseph Kabui og vart vald i 2005.

Kjappe fakta Land, Hovudstad ...

Øya Bougainville utgjer størstedelen av regionen Bougainville, som er den einaste autonome regionen i Papua Ny-Guinea. Øya har eit flatemål på 8 800 km². Geografisk sett høyrer øya saman med Solomon-øyane, som ligg like sør-aust for Bougainville.

Den første europearen som har dokumentert å ha vore på øya, var spanjolen Álvaro de Mendaña i 1568. Franskmannen Louis Antoine de Bougainville oppdaga øya i 1768, og kalla ho opp etter seg sjølv.

Under andre verdskrigen vart Bougainville okkupert av Japan frå 1942 til 1945. Frå 1943 kjempa dei allierte for å ta øya attende, heilt fram til Japan kapitulerte i august 1945.

Frå 1970-talet fram til 1997 var ei separatistrørsla i konflikt med den papuanske staten. I 2000 skreiv partane under ein fredsavtale, og provinsen fekk sjølvstendet sitt i 2005.

Thumb
Kart over Bougainville.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads