Bountyøyane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bountyøyane
Remove ads

Bountyøyene (engelsk Bounty Islands) er ei øygruppe som høyrer til New Zealand sine subantarktiske øyar i det sørlege Stillehavet. Øygruppa er ikkje folkesett.

Kjappe fakta Land, Areal ...
Thumb
Kart over Bountyøyene.
Remove ads

Geografi

Bountyøyane ligg rundt 68 mil søraust for Sørøya. Øygruppa er av vulkansk opphav og har eit samla landareal på om lag 1,35 km². Heile øygruppa har berre ei utstrekking på fem kilometer. Øyane er fordel på tre grupper:

  • Hovudgruppa i nordvest, der største øy er Depot Island (den største i øygruppa)
  • Midtre gruppe, med Funnel Island som største øy
  • Austre gruppe, med Molly Cap som største øy

Det høgaste punktet ligg på Funnel Island og er 73 moh.

Bountyøyane er saman med Antipodeøyane den einaste hekkeplassen til hornpingvinen (Eudyptes sclateri). I tillegg er området hekkeplass for ei rekkje sjøfuglar, mellom dei sølvhovudalbatross (Thalassarche salvini).[2][3]

Remove ads

Historie

Området blei oppdaga 9. september 1788 av den britiske kapteinen William Bligh. Øygruppa fekk namn etter fartøyet hans, HMAV «Bounty», berre nokre måneder før det berømte mytteriet. I 1870 tok den britiske kapteinen George Palmer øyane i britisk besittelse. På byrjinga av 1800-talet blei området nytta til selfangst.

I 1998 blei øygruppa oppført på UNESCO si liste over verdsarv.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads