Bransfieldsundet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bransfieldsundet er eit sund som går frå nordaust til sørvest mellom Sør-Shetlandsøyane og Den antarktiske halvøya og er kring 110 km breitt og 370 km langt. Det vart namngjeve kring 1825 av James Weddell, som var kaptein i Royal Navy, etter Edward Bransfield, som òg var kaptein i Royal Navy og som kartla Sør-Shetlandsøyane i 1820. Det vert kalla Mar de la Flota av Argentina.
Ei undersjøisk kløft går gjennom sundet og vert kalla Bransfield Trough. Heile bassenget er kring 400 km lang og ned mot 2000 meter djupt, mellom bogen i Sør-Shetlandsøyane og Den antarktiske halvøya. Kløfta vart danna kring fire millionar år sidan.[1] Denne riftinga har ført til jordskjelv og vulkanisme langs Bransfieldsundet. Det ligg fleire undersjøisk fjell i sundet med vulkansk opphav, mellom anna den inaktive Orca Seamount.[2]
23. november 2007 gjekk MS «Explorer» på eit isfjell og sokk i Bransfieldsundet. Alle dei 154 passasjerane ombord vart redda og det vart ikkje rapportert om personskadar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads