Bray

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bray
Remove ads

Bray (irsk Bré, tidlegare Brí Chulainn) er den niande største byen i Republikken Irland. Byen ligg nord i County Wicklow og er ein travel kystby med like over 30 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 20 km sør for Dublin på austkysten av Irland.

Kjappe fakta Land, Provins ...
Remove ads

Byen har noko industri, men mange pendlar til Dublin kvar dag. Byen trekkjer til seg mange turistar, særleg frå Dublin i helgene. Ein del av forstadane til Bray ligg i County Dublin. Bray er heimstad til det einaste filmstudioet i Irland, Ardmore Studios.

Remove ads

Historie

I mellomalderen låg Bray ved grensa til kystdistriktet kalla the Pale, som vart styrt direkte av den engelske krona frå Dublin Castle. Landsbygda innanfor byen var under kontrollen til gæliske høvdingar, som O'Toole- og O'Byrne-klanane. I august eller september 1649 skal Oliver Cromwell ha oppheldt seg i Bray på veg til Wexford frå Dublin. På 1600- og 1700-talet var Bray framleis berre ein liten fiskelandsby, men på siste halvdel av 1700-talet byrja middelklassen i Dublin å flytte til Bray for å sleppe unna bylivet, men samstundes halde seg relativt nær byen. Eit døme på arkitektur frå denne tida ser ein ved Powerscourt House nær Enniskerry.

Dublin & Kingstown Railway, den første jernbanen i Irland, opna i 1834 og vart utvida til Bray i 1855. Då jernbanen kom voks Bray til å verte den største feriebyen ved irskekysten. Den andre verdskrigen sette ein stoppar for turistindustrien, men i 1950-åra kom mange turistar til Bray frå England, Skottland og Nord-Irland for å sleppe unna den strenge rasjoneringa. Turistindustrien kom i nedgang i 1960-åra, då folk fekk langt fleire reisemål å velje mellom. Det kjem likevel framleis mange vitjande frå Dublin til byen.

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads