Breiøyre
pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Breiøyre (Barbastella barbastellus) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever i Europa, frå Portugal i vest til Kaukasus i aust og nord til Sør-Skandinavia, dessutan i Marokko.
Flaggermusa er ganske sjeldan i det meste av utbreiingsområdet. Ho lever helst i gammal skog, ein landskapstype som det vert mindre av. Breiøyre er difor rekna som nær truga på verdsbasis. Eit lyspunkt er at bestanden i Tyskland har vore i vekst etter reduksjon i bruk av insektmiddel der.[2] Breiøyre er ein lite mobil flaggermusart, som ikkje vandrar langt. I Noreg var det ingen funn av arten mellom 1949 og 2008. Då vart det funnen eit individ i dvale i Larvik.[3] Arten har seinare vore registrert der fleire gonger.[4] Breiøyre er rekna som kritisk truga i Noreg og sterkt truga i Sverige.[1]
Remove ads
Fotnotar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads