Brekstad
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brekstad er ein tettstad i Ørland kommune på Fosen i Trøndelag fylke. Staden har 2 437 innbyggjarar per 1. januar 2024 og har frå 8. oktober 2005 kalla seg by.
Brekstad var tidlegare administrasjonssenteret i Ørland kommune. Barneskulen Hårberg skole, Ørland ungdomsskole og Ørland kyrkje ligg på Brekstad og staden er sete for Fosen tingrett. Dei største arbeidsplassane er Ørland hovedflystasjon, Mascot Høie sengetøyfabrikk, COOP Fosen og Tine Midt-Norge hvitostmeieri.

Frå Brekstad går det ferje over Trondheimsfjorden til Valset i Agdenes, og det er snøggbåtsamband til Trondheim, Hitra, Frøya, Storfosna og Kristiansund.
Remove ads
Kjende personar frå Brekstad
- Kjell Rune Selin, fotballspelar
- Jo Tessem, fotballspelar
- Hannah Ryggen, kunstnar
Kjelder
Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads