Brenningshole

From Wikipedia, the free encyclopedia

Brenningshole
Remove ads

Ei brenningshole er ei grotte eller ein heller som er danna ved brenningar som arbeider langs svake soner i klippekystar. Brenningsholer markerer havnivået slik det er i dag eller i tidlegare tider, og kan i Noreg innehalde sediment og dyrerestar frå isfrie periodar under siste istida.

Thumb
Ei brenningshole på Vestmannaeyjar.

Brenningsholer følgjer gjerne sprekkesoner og kan bli meir enn 100 meter lange. Ved flate, låge klippekyster kan det gå hol i taket der det blir danna eit såkalla blåsehol. Danninga føregår dels ved dei valdsame trykkforandringane ein får når brenningar slår inn i holrom, dels ved at rullestein blir trekt fram og tilbake langsmed grottegolvet. Trykket i aktive brenningsholer slynger vassmassane ut av blåseholet med stor kraft.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads