Brie Larson

amerikansk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Brie Larson
Remove ads

Brie Larson (fødd 1. oktober 1989) er ein amerikansk skodespelar og musikar.

Larson fekk heimeundervisning før ho byrja å studera skodespel ved American Conservatory Theater. Ho byrja skuespillerkarrieren på fjernsyn og fekk etter kvart ei fast rolle i situasjonskomedien Raising Dad. Larson vart nominert til ein Young Artist Award for denne rolletolkinga.

Utover 2000-åra fekk ho filmroller i 13 snart 30 og Sleepover. Ho fekk god kritikk for rolleskildringa i Hoot (2006) og spelte biroller i filmane Greenberg (2010), Scott Pilgrim vs. the World (2010) og 21 Jump Street (2012). Frå 2009 til 2011 hadde Larson rolla som ein opprørsk tenåring i TV-serien United States of Tara.

Ggjennombrot til Larson kom med hovudrolla i den uavhengige dramafilmen Short Term 12 (2013). I 2015 spelte ho hovudrolla som kidnappingsofferet Ma i dramafilmen Room, som var basert på Emma Donoghue sin roman Rom. Larson vann fleire bransjeprisar for rolletolkinga, mellom anna ein British Academy Film Award, ein Critics' Choice Movie Award, ein Golden Globe, ein Screen Actors Guild Award og Oscar for beste kvinnelege hovudrolle.

Ei av hennar største roller var i Marvel Studios-filmen Captain Marvel, der ho spela hovudrolla Captain Marvel.

Remove ads

Filmografi

Filmar

Meir informasjon Year, Title ...

Fjernsyn

Meir informasjon År, Tittel ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads