Bringebær
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bringebær eller bringbær (Rubus idaeus) er ein toårig plante i rosefamilien, som vert dyrka for dei søte fruktene han ber.

Det første året kjem det kraftige rotskot, som vert til lange (vanlegvis 1,5 m–2 m) stammer med tynne greiner. På seinsommaren det andre året kjem det raude eller gule frukter på greinene. Om hausten døyr heile stamma og vert stiv og sprø, og om våren kjem det nye rotskot.
Remove ads
Villbringebær
Dette er ein plante med sirkumpolar utbreiing. Viltveksande bringebær skil seg ikkje mykje frå dei dyrka, men bæra og til dels planten er mindre. Denne vert kring 1 m høg. Dei øvre blada er trekopla. Blada er kvitfilta under. Blomane har grålodne begerblad og opprette kvite kronblad. Villbringebær blomstrar kring juni månad på steinete stader gjennom heile Noreg, men er sjeldan lengst i nord. Planten er funnen opp til 1330 m på Hardangervidda.
Remove ads
Dyrka bringebær
Sortar i Noreg
Dei fleste odla bringebær ulike hybridar av R. idaeus og R. strigosus.[1]
Gule:
- Varnes
- Fallgold
- Schoenemann
Raude:
- Asker (Winkler's Sämling) - dessertbær - tysk sort, kom til Noreg i 1890-åra og vart den første kommersielle sorten. Denne sorten har av somme vorte knytta til den franske sorten Paragon, men DNA-analyse har synt at det er Winkler's Sämling.[2]
- Balder
- Borgund - H6
- Glen Ample - H6 - skotsk sort nytta frå år 2000
- Golden Queen - britisk sort frå 1880-åra
- Hornet - safting og sylting
- Lloyd George - frå 1919
- Marlboro - safting og sylting
- Norna
- Preussen - dessertbær, tysk sort som kom til Noreg på 1930-talet og delvis tok over etter Asker
- Stiora
- Tulameen
- Vene - H7
- Veten - safting og sylting - norskutvikla sort på 1950-talet, mykje nytta på Vestlandet
Sortane Asker, Balder, Borgund, Glen Ample, Malling Admiral, Malling Orion, Stiora, Varnes, Vene og Veten står på den offisielle sortslista.[3]
Remove ads
Sjukdommar og skadedyr
- Bringebærbille
- Bringebærflue
- Bringebærgallmidd
- Skotsjuke
Galleri
- Plukka bringebær
- Eit heilt bringebær
- Eit halvt bringebær
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads