Brystkasse

From Wikipedia, the free encyclopedia

Brystkasse
Remove ads

Ei brystkasse (på gresk thorax), på norsk òg kalla toraks er innanfor menneskeanatomi den delen av kroppen som ligg mellom nakken og abdomen. Ribbeina, brystbeinet og ryggsøyla dekkjer dei indre organa i brysthòla, cavum thoracis, og fordi mellomgolvet er kuppelforma vil og øvste del av buken vere ein del av brystkassa. Mellomgolvet skil brysthòla frå bukhòla.

Thumb
Den beina brystkassa med ribbeina, brystbeinet og ryggsøyla.

Brystkassa har to opningar. Den øvste som er avgrensa av dei første ribbeina, manubrium sterni og ryggsøyla, og er kalla den vesle brystopninga, apertura thoracis superior. Den nedste opninga er avgrensa av kostalbogen, brystbeinspissen, processus xiphoideus, og ryggsøyla og er kalla den store brystopninga, apertura thoracis inferior.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads