Bush-doktrinen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bush-doktrinen er ei nemning som blir nytta om ei rad retningsliner for amerikansk utanrikspolitikk som vart lagt fram av dåverande president George W. Bush i ein tale 1. juni 2002. Retningslinene representerte eit skifte i den amerikanske utanriks- og tryggingspolitikken, som i resten av styringstida til Bush kom til å leggje vekt på militære operasjonar, militær overmakt og eit mål om «å spreie demokrati, fridom og tryggleik i alle regionar».

Bush-doktrinen markerte ei endring frå den amerikanske politikken i tidlegare tider, som hadde lagt vekt på avskrekking av moglege fiendar og eit ynske om å isolere konfliktar. Bush-doktrinen var den politiske råma for invasjonen av Irak i 2003.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
- Bush-doktrinen (2018). I Sikkerhetspolitisk leksikon. Henta frå https://www.folkogforsvar.no/leksikon/bush-doktrinen/
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads