Buskerud fylke

fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Buskerud fylke
Remove ads

Buskerud er eit fylke i Noreg og ein valkrins til stortingsval.[1] Det grensar til Vestfold og Telemark i sør, til Vestland i nordvest, til Innlandet i nord, og til Oslo og Akershus i aust. Frå 2020 til 31. desember 2023 var Buskerud ein del av Viken fylke.[2] Fylket blir administrert frå Drammen.

«Buskerud» omdirigerer hit. For det tidlegare amtet, sjå Buskeruds amt.
Kjappe fakta Land, Adm.senter ...
Remove ads

Namn

Namnet «Buskerud» kom frå garden Biskopsrud i Modum, ein statseigedom som lenge husa futane for Buskerud futedømme. Fram til 1919 heitte fylket «Buskeruds amt».[2]

Våpen

Fylkesvåpenet til Buskerud viser ein ståande blå bjørn på ein sølvfarga bakgrunn.[2] Området hadde tidlegare fleire bjørnestammar. Sidan slutten av 70-åra har ingen bjørn budd fast i Buskerud, men det hender ein omstreifar kjem innom. Bjørnen er blå for å minna om Blaafarveværket i Modum, og bakgrunnen sølv kjem frå dei gamle sølvgruveneKongsberg. Fylkesblomen til Buskerud er kvit nykkerose og fylkessteinen er drammensgranitt.

Remove ads

Geografi

Fylket strekkjer seg frå Hemsedalsfjella og Hardangervidda i nordvest til Hurumlandet ved Oslofjorden i søraust. Store parallelle dalføre med elver går gjennom fylket, frå sørvest Numedal med Numedalslågen, Sigdal med Simoa, Hallingdal med Hallingdalselve og Snarumselva, og Ådal med Begna og Ådalselva.

Det er svært variert natur i fylket, veldyrka lågland, høgfjell og store skogar. Om lag 7 % av fylket ligg under 150 moh., medan 41 % ligg 900 moh. eller høgare. I søraust ved Drammens- og Oslofjorden er det kyststrøk med skog- og landbruksområde. Landskapet hevar seg så gradvis mot vasskiljet i vest og nordvest. Dei fire markerte dalføra fører nordvestover opp mot høgfjellet. Nokre fjellområde er meir enn 1000 moh.

Delar av Hardangervidda nasjonalpark (oppretta 1981) ligg i Buskerud fylke, i Hol og Nore og Uvdal kommunar.

Klima

Klimaet er for det meste innlandsprega, sidan fylket har kort kystlinje og er godt skjerma frå fjella i sørvest og i nord. Oslofjorden påverkar berre dei lågare strøka frå Lågendalen til Tyrifjorden. Om sommaren bles det typisk frå mellom sør og vest, medan det om vinteren som regel bles frå nordaust, men vindstyrken er generelt låg. På grunn av terrenget bles det som regel opp dalane om sommaren, medan dreneringsvinden strøymer nedover dalane om vinteren.

I januar er middeltemperatur frå -8 °C til -11 °C, lågast i dei øvre dalføra. I juli er middeltemperaturen kring 16 °C i låglandet til kring 10 °C i 1000 moh. Nær Oslofjorden vert det noko mildare både om vinteren og sommaren. Kulderekorden i området er frå -30 °C til -35 °C i indre strøk, lågast på Nesbyen med -38 °C. Varmerekorden for heile landet er òg sett i Nesbyen, den 20. juni 1970 vart det målt 35,6 °C her.

Årsnedbøren varierer frå kring 500 mm i dei skjerma områda som slettene på Ringerike og dei indre dalføra, til over 1000 mm i åsane nær Oslofjorden. Mest nedbør fell det om sommaren, medan det er minst seint på vinteren og på våren. Vinteren er lang med moderate snømengder, som gjer at fjellområda i fylket er godt eigna for vintersport.

Remove ads

Kommunar

Folketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2025.

Meir informasjon Nr., Kart ...
Remove ads

Samfunn

Folkesetnad

Det er store regionale ulikskapar i folkesetnaden. Meir enn halvparten av dei som bur i fylket bur i dalføret langs Drammenselva i søraust og utover mot Hurumhalvøya. I den sørlege halvdelen ligg dei tre største byane i fylket, Drammen, Kongsberg og Hønefoss.

Språk

Austlandsdialekt pregar språket i sørlege og austlege delar av fylket, og her vert bokmål brukt som skriftspråk. I nordfylket er det vanleg med fjelldialektar og nynorsk skriftspråk.

Politikk

Dei 47 representantane i fylkestinget vert samla minst fire gonger i året.[3]

Partifordeling etter valet i 2023:

Tore Opdal Hansen (H) er fylkesordførar, medan Lavrans Kierulf (Frp) er fylkesvaraordførar.

Media

Drammens Tidende dekkjer Drammensområdet, Lågendalsposten Kongsberg og Numedal, Ringerikes Blad Ringerike, medan Hallingdølen dekkjer Hallingdal. NRK har ein redaksjon i fylket som lagar radio- og TV-sendingar. Det er òg ei rekkje mindre lokalradiokanalar rundt omkring i fylket.

Remove ads

Samferdsle

Vegar

Europaveg 16 går søraust-nord gjennom Hole via Ringerike og Flå til Nes på ferda si frå Oslo til Londonderry i Nord-Irland, Storbritannia . Europaveg 18 passerer gjennom Lier og Drammen og fortset vidare sørover i Vestfold. E134 startar i Drammen og går vestover i sørfylket til Haugesund via Kongsberg.

Jarnbane

Drammensbanen kjem inn i fylket gjennom Lieråsen tunnel. I Drammen vert banen delt i Vestfoldbanen som går sørover og Bergens- og Sørlandsbanen. Dei to siste har same trasé nord-vestover til Hokksund, der Sørlandsbanen tek av mot sør-vest til Kongsberg medan Bergensbanen dreg nordover gjennom fylket til Hønefoss og Hallingdal.

Remove ads

Næringsliv

Offentleg administrasjon, tenesteyting og varehandel/overnattings- og serveringsverksemd var dei viktigaste næringane i fylket i 2019.[2] Drammen er ei viktig importhamn for bilar, og handel med og reparasjon av motorvogner er dermed eit stort næringsområde for Buskerud.[2] Buskerud er også eit viktig turistfylke, særleg i vinterhalvåret.[2] Mange turistar vitjar midtre og øvre Hallingdal.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads