Bygningstypen loft

tradisjonell bygningstype From Wikipedia, the free encyclopedia

Bygningstypen loft
Remove ads

Loft er ein tradisjonell bygningstype i to etasjar med rom under taket. Bygningane har ofte svalgang og har vore brukt som sovehus i eldre tid.

Thumb
Loft på Heddal bygdetun
Thumb
Loft (til høgre) på Norsk folkemuseum

Bygningstypen fanst i Noreg allereie i tidleg mellomalder. Særleg i Telemark og Numedal står det att fleire loft som er bygde i hundreåret før Svartedauden. Loftet var gjerne rekna som det mest staselege huset på ein gard.

Den øvste etasjen var som regel nytta til oppbevaring og var sengekammer for gjester og andre. Underetasjen var lagerrom, og dei enkelte romma vart kalla bu eller bur, i tidleg mellomalder også skemma.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads