Douglas C-124 Globemaster II

From Wikipedia, the free encyclopedia

Douglas C-124 Globemaster II
Remove ads

Douglas C-124 Globemaster II, med kallenamnet «Old Shaky», var eit transportfly for tungtransport bygd av Douglas Aircraft Company i Long Beach i California.

Meir informasjon C-124 Globemaster II, Rolle ...

C-124 vart hovudsakleg nytta av United States Air Force si transportteneste (MATS) i 1950-åra og tidleg i 1960-åra, fram til C-141 Starlifter kom inn i teneste. Flyet vart nytta av Air Force Reserve og Air National Guard fram til 1974.

Douglas Aircraft utvikla C-124 frå 1947 til 1949, frå ein prototype basert på Douglas C-74 Globemaster, nytta under andre verdskrigen. Flyet vart driven av fire store Pratt & Whitney R-4360 stempelmotorar som kvar produserte 3800 hk. C-124 kunne bere 31 100 kg med last, og lasterommet var 23 meter langt. Flyet kunne bere tanks, kanonar, lastebilar og anna tungt utstyr, og som passasjerfly kunne det føre 200 fullt utrusta soldatar i to doble dekk eller 127 bårepasientar med følgje.

Remove ads

Skisser av flyet

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads