Caccia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Caccia er ei mellomalderleg songform, mykje nytta i italiensk trecento. Ein kan seia cacciaen er ein trecento-madrigal med eit særskild tekstinnhald. Dei fleste caccii handlar om jakt i ei eller anna form (caccia = jakt), eller andre slag tidtrøyte utandørs. Cacciaen har støtt tre stemmer. Sjølv om cacciaen var mykje nytta i Italia, er opphavet i røynda fransk, der songstilen hadde to stemmer.

Cacciaen kan delast i to delar, ein lengre hovuddel, og ein ritornell (omkved). Stundom er ritornellen homofon, medan sjølve cacciaen er polyfon i oppbygginga.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads