Cahors

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cahorsmap
Remove ads

Cahors (oksitansk Caors) er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er préfecture i departementet Lot. Byen ligg dramatisk til med elva Lot på tre sider, kjend som presqu'île eller nesten øy. I dag er han kanskje mest kjend som senteret for den vidkjende «svarte» vinen AOC, som har vorte laga og produsert frå Bordeaux sidan mellomalderen, lenge før regionen utvikla sin eigen vinindustri.

Kjappe fakta Styresmakter, Land Region Departement ...
Remove ads
Remove ads

Historie

Cahors har hatt ei rik historie sidan keltisk tid, sjølv om det har gått nedover økonomisk sidan mellomalderen og han mista universitetet sitt på 1700-talet. I dag er byen ein populær turistby, der turistar kjem frå oppleve mellomalderstrøket og den unike brua Valentré frå 1300-talet.

Cahors var ein framståande by i mellomalderen og var involvert i Hundreårskrigen og Hugenottkrigen. Han var òg berykta på den tida for å ha bankmenn som tok renter på låna sine. I følgje kyrkja vart dette rekna som ei synd (åger), og på grunn av dette vart Cahors synonymt med synd og vart nemnd i Dante sitt Inferno i lag med Sodoma som ein vond stad.

Pave John XXII, fødd Jacques Duèze eller d'Euse, vart fødd i Cahors i 1249 som son av ein skomakar.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cahors


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads