Lappsporvfamilien
familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lappsporvar, Calcariidae, er ein liten biologisk familie av sporvefuglar. Familien inkluderer lappsporv og snøsporv, og samlar totalt seks arter i tre biologiske slekter på verdsbasis. Leveområdet er hovudsakleg i Nord-Amerika og Eurasia. Dei er trekkfuglar, og kan leve i ei rekkje ulike habitat, inkludert grassletter, præriar, tundra, fjell og strender.
Remove ads
Skildring
Medlemer av lappsporvfamilien Calcariidae har eit spenn i kroppsmassen frå rundt 20 gram som for præriesporv til rundt 42 gram for kvitsporv. Fjørdrakta for desse artane er generelt i brunt, grått og kvitt, med mørkebrune eller svarte irisar. Beina av snøsporv og kvitsporv er mørk gråe eller svarte, medan beina på andre artene i familien spenner frå uklår rosa til brun.
Medlemer av Calcariidae likar generelt opne område, inkludert præriar, vidder, jordbruksland og strender.[1] Delar av distribusjonen til snøsporven omfattar fjellområde.[2]
Maten til artane i denne familien er insekt, frø og gras. Desse sporvane er dagaktive, og beiter ved å gå og å plukke opp mat frå bakken.

Foto: Donna Dewhurst
Utbreiinga av familien femner om vide område. Av dei seks artane i familien, finst snøsporv og lappsporv både i både Nord-Amerika og i Eurasia, dei fire andre artene finst berre i Nord-Amerika.[3] Snøsporven hekkar i nordlege breiddegradar i eit omfattande hekkeområde i det nordlege Alaska og Canada, den vestlege og sørlege kysten av Grønland, og det nordlege Skandinavia og Russland. Snøsporvane overvintrar i heile det sørlege Canada og nordlege USA i Nord-Amerika, og i Eurasia overvintrar dei i nordlege Storbritannia og eit stort band som strekkjer seg frå Tyskland austover gjennom Polen og Ukraina til Mongolia og Kina.[4] I tillegg har snøsporvar vore registrerte som ein streiffuglar i Algerie og Marokko i Nord-Afrika, på Balkan, i Hellas og Tyrkia og på Malta.[4] Utbreiinga for lappsporv liknar den for snøsporv; han hekkar i Nord-Canada, Skandinavia, og Sibir, og i kyststrok i Alaska og Grønland og overvintrar i den nordlege USA og Canada, og i eit band mellom ca. 45 ° og 55 ° breiddegrad over Russland, Kasakhstan, Kina og Mongolia til Japanhavet.
Områda for dei andre artene i familien er mindre enn for snøsporv og lappsporv. Kvitsporv hekkar utelukkande på fleire øyar i Beringhavet, og overvintrar primært på vestkysten av Alaska. I tillegg har kvitsporvar tidvis vore rapporterte i Aleutane, og har vore ein streiffugl i British Columbia i Canada og dessutan statane Washington og Oregon i USA.[5] Tundrasporv hekkar i Alaska og det nordlege Canada, og overvintrar i det sentrale sørlege USA.[6] Præriesporven hekkar utelukkande i regionar med prærie i USA og Canada, medan vinterområdet strekkjer seg frå det sørlege USA til det sentrale Mexico. Hekkeområda til skjoldsporv er som for præriesporv, men vinterområdet strekker seg ikkje så langt sør, ikkje lengre sør enn til nord i Mexico.[7]
Remove ads
Taksonomi og artsliste
Fuglane i dagens lappsporvfamilie vart tidlegare inkluderte i busksporvfamilien, Emberizidae.[3] Ein fylogenetisk studie av Alström et al i 2008 stadfeste at medlemer av denne familien dannar ein klade ganske fråskilt frå Emberizidae, med slektskapar i staden med parulaer (Parulidae), kardinalar (Cardinalidae) eller tanagarar (Thraupidae), men dei eksakte relasjonane deira er uklåre.[8] Dei kom med framlegg om å plassere dei i stamma Calcariini,[8] men Den internasjonale ornitologiske kongressen plasserte dei i sin ein eigen familie i 2010.[3] Timing med cytokrom b DNA tyder på at Calcariidae vart splitta frå ein felles stamfar for rundt 4,2 til 6,2 millionar år sidan, rundt byrjinga av pliocen, moglegvis ikkje lenge etter spreiinga av grassletter i Nord-Amerika ettersom klimaet i slutten av miocen vart turrare og kjøligare.[9]
Kvitsporven er ofte sett på som ei underart av snøsporv, og hybridisering har vore rapportert.[10] Men ein studie av Maley og Winker i 2007 har funne monalege skilnader i juvenile fjørdrakter mellom dei to gruppene, som stør splitting på artsnivå.[11] Andre medlemer av Calcariidae som er kjende for å hybridisere med kvarandre er skjoldsporv og præriesporv.[12]
Lappsporvfamilien[13] i rekkjefylgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[14] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[15]
Slekt Calcarius
- Lappsporv, Calcarius lapponicus, Lapland Longspur
- Præriesporv, Calcarius ornatus, Chestnut-collared Longspur
- Tundrasporv, Calcarius pictus, Smith's Longspur
Slekt Rhynchophanes
- Skjoldsporv, Rhynchophanes mccownii, McCown's Longspur
Slekt Plectrophenax
- Snøsporv, Plectrophenax nivalis, Snow Bunting
- Kvitsporv, Plectrophenax hyperboreus, McKay's Bunting
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads