Cali
storby i vestlege Colombia, hovudstad i Valle del Cauca-departementet From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Santiago de Cali, best kjent som berre Cali, er hovudstaden i Valle del Cauca-departementet i Colombia. Byen vart grunnlagt 25. juli 1536 av den spanske conquistadoren Sebastián de Belalcázar.
Han er den folkerikaste byen i sørvestre Colombia, med om lag 2 319 655 innbyggjarar i samsvar med 2005-2020 DANE folketalsframskrivingar. Byen strekkjer seg ut over ca. 564 km² med 120,9 km² i byområdet. Dette gjer Cali til den tredje største byen i landet, bak Bogotá og Medellín, og han er i hovudsak ein by med låg bygningsmasse. Som den einaste store colombianske byen med tilgjenge til stillehavskysten, er Cali det urbane og økonomiske sentrum i sørvestre Colombia, og har ein av dei raskast veksande økonomiane i landet. Cali er òg kjent som hovudstaden for salsamusikk.
Cali er òg eit senter for idrett i Colombia, som den einaste colombianske byen har han arrangert dei panamerikanske leikane, det skjedde i 1971. Cali var vertskap for verdsmeisterskapen i bryting i 1992 og verdsmeisterskapen i banesykling i 2013.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads