Plystretanagarfamilien

slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Plystretanagarfamilien
Remove ads

Plystretanagarfamilien er ein biologisk familie med ei einaste slekt, Calyptophilus. Gruppa er på to fugleartar som har hatt uklår plassering innanfor den biologiske ordenen Passeriformes, sporvefuglar. Dei er endemiske for øya Hispaniola.

Kjappe fakta

Dette er fuglar på 18 til 21 centimeter i kroppslengd, mørk brungrå overside og lys, nesten kvit underside. Dei har ei gul markering mellom auget og nebbet og på framkanten av vengene. Nebbet er relativt langt, beina og føtene er kraftige. Begge artar er i nedgang og er lista som nær truga - sårbar hos Birdlife International.[1]

Slekta var tidlegare rekna som medlem av tanagarfamilien, Thraupidae, men frå 2017 blei ho sett inn i sin eigen familie Calyptophilidae.[2]

Remove ads

Artslista

Calyptophilus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

  • Vestplystretanagar, Calyptophilus tertius, Western Chat-Tanager, Wetmore, 1929, (VU)
  • Austplystretanagar, Calyptophilus frugivorus, Eastern Chat-Tanager, Cory, 1883, (NT)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads