Calzone
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Calzone (italiensk for 'strømpe' eller 'bukse')[1] er ein innbakt pizza.[2] Retten kjem opphavleg frå Napoli[3] i Italia, der han oppstod på 1700-talet.[4]
Ein typisk calzone er laga av salta brøddeig og er oftast fylt med ost, kjøt, grønsaker eller eit egg. Ein kan til dømes bruka salami eller skinke som kjøt og mozzarella, ricotta og parmesan eller pecorino som ost.[3] Pizzaen inneheld gjerne ein tomat- og basilikumssaus eller ein kjøtsaus. Det finst mange ulike variantar av calzone som kan ha innehalda fyll knytt til andre pizzatypar.
I Italia sel ein ofte calzone på storleik med smørbrød i kaféar eller buer. Desse kan ein halda i handa og eta medan ein står eller går.[5] I Puglia blir det laga pannesteikte variantar med tomat og mozzarella kjend som panzerotti.[6]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads