Camera lucida
From Wikipedia, the free encyclopedia
Camera lucida er eit hjelpemiddel for å teikne av romlege eller flate objekt. Apparatet vart funnen opp av fysikaren William Hyde Wollaston i 1807. Ved hjelp av camera lucida vert det projisert eit virtuelt bilete av lekamen slik at dette vert sett i same plan som teiknepapiret. Dermed kan ein lett gjengi lekamen ved å la blyanten følgje det virtuelle biletet.

Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.