Cancan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cancan
Remove ads

Cancan eller can-can er ein parisisk varietédans som var populær frå 1830-talet[1] og tidleg på 1900-talet. I den seinare fasen sin blei han særleg kjend for høge beinspark som viste glimt av undertøyet til (dei kvinnelege) dansarane. Ein stor del av vidareutviklinga til dansen fann stad på Moulin Rouge, som opna i 1889.

Thumb
Toulouse-Lautrecs plakat for cancanframsyninga Troupe de Mademoiselle Églantine frå 1890-åra.
Remove ads

Historie

Tidleg utvikling

Thumb
Plakat i Boston:M'lls. Morlacci and Baretta dancing the Can Can Dance
Thumb
Georges Seurat, 1889–90, Le Chahut, olje på lerret, 170 × 141 cm, Kröller-Müller Museum
Video av ein cancandans i 2016.

Dansen oppstod som ein meir anstendig selskapsdans og blei også kalla chahut. Begge namna er kanskje frå det franske ordet for and, canard, eller vidare derfrå av eit lydmålande ord som viser til lydane frå ender og liknande fuglar.[1]

På midten av 1800-talet blei dansen spreidd til parisiske underhaldningsetablissement som den populære Bal Mabille, ein stad der ein kunne dansa under kunstige palmar og køyra karusell til lyset frå 3 000 gasslamper.[2]

Cancan blei også popularisert via scenen med «Galop infernal» ('djevelsk galopp') frå andre akt i Jacques Offenbach sin operette Orfeus i underverdenen (1858).[3]

I 1866 blei cancan for fyrste gong lagt fram også i Sverige, på det tre år gamle etablissementet Berns salongar.[4] Året etter blei han introdusert i Nord-Amerika den 23. desember 1867 av Giuseppina Morlacchi, som dansa eit innslag i The Devil's Auction ved Theatre Comique i Boston. Han blei presentert som «Grand Gallop Can-Can, composed and danced by Mlles. Morlacchi, Blasina, Diani, Ricci, Baretta ... accompanied with cymbals and triangles by the coryphees and corps de ballet.» Den nye dansen fekk ei entusiastisk mottaking.

Også komponistar som Franz Lehár (Den glade enke) og Aram Khatsjaturjan (Sabeldansen) har seinare skrive musikk for dans i same stil.[3]

Seinare utvikling

Thumb
Moulin Rouge - Grand Chahut. Postkort av Xavier Sager.

Cancan gjekk likevel gjennom ei ytterlegare forandring på varietéscenene i Paris mot slutten av 1800-talet. Der blei det utvikla ein endå meir uhemma og vill dans[1] i ei kvinneleg presentert sceneunderhaldning. Kvinnene dansa i 2/4-takt kledde i lange kjolar og underskjørt som blei løfta opp med høge beinspark. Eit populært triks var å sparka av hatten på ein mann i publikum.

Den uanstendige sida ved dansen, der underkjolar og bein blei synte fram, bidrog til at han blei populær i fin de siècle-tida.

Remove ads

Cancan i kunst og medium

Cancan er ein del av ballettstykket «Danza delle ore» i operaen La Gioconda av Amilcare Ponchielli frå 1876. På 1900-talet blei dansen også nytta i ballettar, som La Boutique fantasque (1919) og Gaîté Parisienne (1938) av Léonide Massine.[5]

Seinare har ein funne dansen i ulike varietéar og show. Han er flittig presentert i filmen Moulin Rouge!.

Impresjonisten Henri de Toulouse-Lautrec bidrog til spreiinga av karakteren til dansen ved dei mange måleria sine av cancan-dansarar vef Moulin Rouge.[1] Også andre målarar følgde i hans fotspor, som Georges Seurat, Georges Rouault og Pablo Picasso.[6]

Remove ads

Kjende cancandansarar

  • Louise Weber
  • La Goulue
  • Saharet
  • Jane Avril
  • Nini Patte-en-l'air
  • Valentin le Désossé
  • Céleste Mogador
  • Marguerite Badel, kalla Rigolboche
  • Camélia Trompe-la-Mort
  • La Glu
  • Cri-Cri
  • Vol-au-Vent
  • Lili Jambes-en-l'air
  • La Môme Fromage
  • La Vénus de Bastringue
  • Rayon d'or
  • Demi-Siphon
  • Muguet la Limonière
  • Églantine
  • Sauterelle
  • Cléopâtre
  • Cascadienne
  • Cha-U-Kao
  • Pâquerette
  • Torpille
  • Galipette
  • Gavrochinette
  • Grilla d'Égout
  • Fil de Fer
  • Pomme d'Amour

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads