Cape Conway

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cape Conway
Remove ads

Cape Conway er eit avrunda, lågt og isfritt nes heilt sør på Snow Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Det dannar det sørlege innløpet til Boyd Strait. Tooth Rock (62°51′32.4″S 61°25′33.9″W) på 85 moh. ligg 1,94 km sørover og er den største holmen av ei gruppe som strekkjer seg 2,7 km ut frå neset. Området vart vitja av selfangarar på 1800-talet.

Kjappe fakta Land, Øygruppe ...

Cape Conway vart kartlagd i 1829 av ein britisk ekspedisjon under kaptein Henry Foster og kalla opp etter HMS «Conway» som Foster tidlegare hadde tent på. Tooth Rock vart namngjeve under ei kartlegging frå RRS «John Biscoe» i 1951-52.

Neset ligg 10,58 km sør-søraust for Byewater Point, 17,3 km sørvest for President Head, 11,75 km sørvest for Hall Peninsula og 44,46 km nord for Cape SmithSmith Island.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads