Cape Maria van Diemen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cape Maria van Diemen
Remove ads

Cape Maria van Diemen er eit nes og det vestlegaste punktet på NordøyaNew Zealand. Då neset ligg nær nordenden av halvøya Aupouri Peninsula, trur mange menneske på New Zealand at det også er det nordlegaste punktet i landet, men det er ikkje rett, nordlegast ligg Surville Cliffs, 30 kilometer mot aust og litt lenger nord.

Thumb
Lokaliseringa til Cape Maria van Diemen

Neset fekk namnet sitt av oppdagaren Abel Tasman etter kona til velgjeraren hans, Anthony van Diemen, generalguvernør i Batavia (no Jakarta) i januar 1643, på den same reisa Tasman oppdaga og namngav Van Diemens land (no Tasmania). Neset er - saman med øygruppa Three Kings Islands - eit av berre to geografiske område på New Zealand som har fått halda på namna som Abel Tasman gav dei.

Thumb
Cape Maria van Diemen
Thumb
Te Werahi-stranda og Cape Maria van Diemen


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads