Amerikaskjeggfuglfamilien

fuglefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia

Amerikaskjeggfuglfamilien
Remove ads

Amerikaskjeggfuglfamilien er ein biologisk familie Capitonidae, i ordenen Piciformes, som lever i fuktige skogar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Som andre skjeggfuglar er dei er tett nærskyle til tukanar.

Kjappe fakta

Amerikaskjeggfuglar er for det meste trelevande fuglar som hekkar i hole tre. Dei et frukt og insekt. Desse fuglane er ikkje trekkfuglar.

To artar av amerikanske skjeggfuglar er oppført som trua av IUCN: kvitryggskjeggfugl i Colombia er oppført som trua, utbreiinga er trua av avskoging ved utviding av landbruksareal, inkludert kokaplantasjer, og gruvedrift. Den relativt nyleg oppdaga arten raudbelteskjeggfugl i Peru er truleg sårbar på grunn av liten populasjon, rekna til under tusen fuglar, sjølv om habitatet ikkje er umiddelbart trua.

Remove ads

Taksonomi

Capitonidae var tidlegare ein parafyletisk familie av alle skjeggfuglar, men no vanlegvis rekna som sin eigen familie avgrensa av dei amerikanske slektene Capito og Eubucco.

Artslista

Amerikaskjeggfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Capito

  • Gullbrystskjeggfugl, Capito aurovirens, Scarlet-crowned Barbet, LC, Cuvier, 1829
  • Amazonskjeggfugl, Capito dayi, Black-girdled Barbet, VU, Cherrie, 1916
  • Flekkroneskjeggfugl, Capito maculicoronatus, Spot-crowned Barbet, LC, Lawrence, 1861
  • Eldpanneskjeggfugl, Capito squamatus, Orange-fronted Barbet, NT, Salvin, 1876
  • Kvitryggskjeggfugl, Capito hypoleucus, White-mantled Barbet, VU, Salvin, 1897
  • Raudbelteskjeggfugl, Capito wallacei, Scarlet-banded Barbet, VU, O'Neill, Lane, Kratter, Capparella et al., 2000
  • Femfargeskjeggfugl, Capito quinticolor, Five-colored Barbet, VU, Elliot, 1865
  • Brunbrystskjeggfugl, Capito brunneipectus, Brown-chested Barbet, LC, Chapman, 1921
  • Auroraskjeggfugl, Capito niger, Black-spotted Barbet, LC, Müller, 1776
  • Gyllenpanneskjeggfugl, Capito auratus, Gilded Barbet, LC, Dumont, 1816

Slekt Eubucco

  • Sitronstrupeskjeggfugl, Eubucco richardsoni, Lemon-throated Barbet, LC, Gray, 1846
  • Inkaskjeggfugl, Eubucco tucinkae, Scarlet-hooded Barbet, LC, Seilern, 1913
  • Raudhovudskjeggfugl, Eubucco bourcierii, Red-headed Barbet, LC, Lafresnaye, 1845
  • Fleirfargeskjeggfugl, Eubucco versicolor, Versicolored Barbet, LC, Müller, 1776
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads