Carl Nesjar
norsk kunstnar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Carl Nesjar, opphavleg Carl Carlsen, (6. juli 1920–23. mai 2015) var ein norsk målar, bilethoggar og grafikar frå Larvik.

Han er særleg kjend for sitt samarbeid med Pablo Picasso. I nærare tjue år var han Picassos utvalde fabrikant, kunstnaren som omsette Picasso sine illustrasjonar og modellar til store offentlege skulpturar. Eit slikt verk er betongrelieffa i Regjeringskvartalet i Oslo, byen der Nesjar budde store delar av livet. Nesjar er også kjend for sine seriar av isfontener som finst i byar rundt om i verda.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads