Luganosjøen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Luganosjøen
Remove ads

Luganosjøen (italiensk Lago di Lugano or Ceresio, tysk Luganersee) er ein innsjø søraust i Sveits, på grensa til Italia. Innsjøen er kalla opp etter byen Lugano og ligg mellom Lago Maggiore og Comosjøen.

Kjappe fakta Land, Tilsig ...

I 1848 vart Melidedemninga bygd på ei morene mellom Melide og Bissone. Motorvegen A2 og Gotthardbanen kryssar innsjøen der og knyter Lugano til Chiasso. Demninga ligg om lag midt i innsjøen. Opphaldstida til vatnet i innsjøen er 11,9 år i nord og 8,2 år i den sørlege delen.

Kjende fjell og turistdestinasjonar rundt innsjøen er Monte Brè (925 m) i aust, Monte San Salvatore (912 m) vest for Lugano og Monte Generoso (1 701 m) på søraustsida av innsjøen. Verdsarvstaden Monte San Giorgio (1 097 m) ligg sør for innsjøen.

Campione d'Italia er ein enklave i Ticino og høge fjell ligg mellom innsjøen og resten av Italia.

Fiske i innsjøen (og Lago Maggiore) har vorte regulert som ein avtale mellom Sveits og Italia frå 1986. Den noverande avtalen om ferdsel på innsjøen er frå 1992.

Stader ved innsjøen i Sveits (CH) og Italia (I) er mellom anna (frå Lugano og med klokka):

Thumb
Morcote ved Luganosjøen
  • Lugano (CH)
  • Cassarate (CH)
  • Castagnola (CH)
  • Gandria (CH)
  • Oria, Valsolda (I)
  • San Mamete (I)
  • Cressogno (I)
  • Porlezza (I)
  • Campione d'Italia (I)
  • Bissone (CH)
  • Maroggia (CH)
  • Melano (CH)
  • Capolago (CH)
  • Riva San Vitale (CH)
  • Brusino-Arsizio (CH)


Thumb
Utsyn over Luganosjøen frå Monte San Salvatore med Lugano til venstre og Melidedemninga til høgre.
Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads