Cergy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Cergy er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 27,8 km frå Paris sentrum i den «nye byen» Cergy-Pontoise som vart oppretta i 1960-åra, og har eit folketal på rundt 55 000 innbyggjarar.
Sjølv om nabokommunen Pontoise offisielt er préfecture (hovudstad) i departementet Val-d'Oise, ligg prefecture-bygningen og administrasjonen, i tillegg til rådsforsamlinga (conseil général) i kommunen Cergy, som vert rekna som ein de facto hovudstad i Val-d'Oise. Sous-préfecture-bygningen og administrasjonen ligg derimot i kommunen Pontoise.
Remove ads
Namn
Namnet Cergy kjem frå det mellomalderlatinske ordet Sergiacum, som tyder «eigedomen til Sergius», ein gallo-romersk landeigar.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

