Cesc Fàbregas
spansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Francesc Fàbregas i Soler (fødd 4. mai 1987 i Vilassar de Mar i Catalonia) er ein spansk fotballspelar, som spelar på midtbanen for Barcelona i spansk Primera Division og for det spanske landslaget. Han vart kåra til årets unge spelar i England i 2008. I 2009/10-sesongen var han Arsenal sin toppskårar i Premier League med 15 seriemål. Han vart seriemeister i Spania med Barcelona i 2013 og var med å vinna VM for klubblag med same klubben i 2011. Han debuterte for Spania sitt A-landslag 1. mars 2006 i ein privatlandskamp mot Elfenbeinskysten og vart då den yngste spanske A-landslagsspelaren på 70 år. Under fotball-VM i 2006 spelte han i alle Spania sine fire kampar, to frå start og to som innbytar. Under fotball-EM i 2008 var han mest innbytar, men spelte frå start i finalen mot Tyskland, då Spania vart europameistrar. Då Spania vart verdsmeistrar i 2010, spelte han i fire av kampane, og kom inn som innbytar i finalen mot Nederland. I fotball-EM i 2012 spelte han i alle Spania sine seks kampar då dei igjen vart europameistrar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads