Sri Lanka

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sri Lanka
Remove ads

Den demokratiske sosialistiske republikken Sri Lanka er ein tropisk øy-republikk i Asia søraust for India. Nasjonaldagen er 4. februar, dagen då landet vart sjølvstendig frå Storbritannia i 1948.

Kjappe fakta ශ්‍රී ලංකා ප්‍රජාතාන්ත්‍රික සමාජවාදී ජනරජය(Singalesisk Sri Lankā Prajathanthrika Samajavadi Janarajaya)இலங்கை ஜனநாயக சோசலிசக் குடியரசு(Tamil, Ilaṅkai saṉanāyaka sōsalisk kuṭiyarasu) (norsk: Sri Lanka, srilankisk) ...

Sri Lanka har to store folkegrupper, singalesarar og tamilar, som i over tjue år har vore involverte i ein borgarkrig mot kvarandre. Singalesarane held regjeringsmakta i landet, medan opprørsgruppa dei tamilske tigrane kontrollerer nordlege delar av øya.

Det høgste fjellet heiter Pidurutalagala.

Øya har i tidlegare tider vore kjend som Lanka, Lankadvipa, Taprobane, Serendib og Selan. Ho var kjend som Ceylon i kolonitida og fram til landet bytta namn i 1972,

To av dei viktigaste eksportvarene frå Sri Lanka er kaffi og te. Ceylonte er framleis ein velkjend tetype.

Thumb
Kart over Sri Lanka
Remove ads

Klima

Sri Lanka har eit tropisk regnklima. Fjelltoppen Nuwara Eilya på midten av øya fører til at øya får store nedbørsmengder året rundt. Hausten er den våtaste perioden av året, men det kjem òg ein god del nedbør i april-mai når monsunen er på veg nordover. Midt på vinteren kjem det regn om lag kvar tredje dag i Colombo, som har ein årleg nedbørsnormal på 2345 mm. Dei lågareliggande områda i nord er mindre våte, og får lite nedbør om sommaren. Alle områda av øya får likevel minst 1000 mm kvart år.

Remove ads

Merknadar

  1. Sete for regjeringa
  2. Sete for den lovgjevande forsamlinga

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sri Lanka


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads