Chandra-teleskopet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Chandra (engelsk: Chandra X-ray Observatory) er eit røntgenteleskop og det tredje teleskopet i NASA sitt Great Observatories-program. Det blei plassert i bane rundt jorda med romferja Columbia 23. juli 1999.[1] Før oppskytinga var teleskopet kjend som AXAF, kort for Advanced X-ray Astrophysics Facility. Det var på tida det blei bygt det mest sofistikerte røntgenteleskopet med ein oppløysning åtte gonger betre og med ei evne til å kunna avsløra røntgenkjelder 20 gonger svakare enn kva som helst anna teleskop.[2]

Chandra har fire vitskaplege instrument: eit biletspektrometer, eit høgoppløysningskamera og høg- og lågenergi-spektrometer.
Teleskopet er namnsett etter den indisk-amerikanske fysikaren Subrahmanyan Chandrasekhar.[3]
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads