Cheekha Dar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cheekha Dar
Remove ads

Cheekha Dar, Çîxî Derê (arabisk چیخی دەرێ) er eit fjell ein meiner er det høgaste i Irak. Det vert hevda å vere 3 611 meter over havet i CIA World Factbook.[2] Det ligg seks kilometer nord for landsbyen Gundah Zhur og på grensa til Iran.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Det vart klatra i november 2004 av den engelske utforskaren Ginge Fullen, som registerte ei GPS-måling på 3 628 meter over havet.

Den første vinterklatringa av fjellet vart utført av Jonathan Beswick og Matthew DuPuy den 18. mars 2011. Den ekspedisjonen målte høgda 3 611 meter over havet med GPS. Det er fare for landminer i området opp til fjellet mellom Hamilton Road og landsbyen Gundah Zhur. Somme felt er markerte med raude, trekanta skilt. Det er mogeleg å fine kurdisk militærtransport gjennom området i bye Choman.

Ein nærliggande fjelltop heiter Halgur me ei høgd ein trur er 3 607 meter over havet. Tidlegare trudde ein at dette var et høgaste fjellet i Irak.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads