Shemlan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Shemlan (òg skrive Chemlane og Shimlan) er ein landsby i Aley distrikt i Libanonfjella guvernement i Libanon, kring 25 km frå Beirut.
Remove ads
Historie
Shemlan er først nemnt i historiebøker så tidleg som på 1100-talet. Shemlan var ein del av landområdet som høyrte til familien Shehab. På 1800-talet vart landområdet donert til Antonine-munkane.
Den strategiske plasseringa til Shemlan med utsyn over Beirut internasjonale lufthamn og innbyggjarar frå mange politiske sider, gjorde Shemlan til ei slagmark under borgarkrigen i 1958 og den israelske invasjonen av Libanon.
I 1947 opna britiske styresmakter Midtaustensenteret for arabiske studiar i Shemlan. Denne skulen fekk rykte på seg for å vere ein «spion skule» fordi mange av elevane arbeidde for C.I.A. eller det britiske utanriksdepartementet.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Shemlan» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2014.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad Arkivert 2014-06-28 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads