Chinchillafamilien

pattedyrfamilie From Wikipedia, the free encyclopedia

Chinchillafamilien
Remove ads

Chinchillafamilien (Chinchillidae) tilhøyrer ordenen gnagarar (Rodentia) og består av totalt sju nolevande artar av chinchillaer og viscachaer. Denne familien er avgrensa til det sørlege og vestlege Sør-Amerika, hovudsakleg i fjellområde i Andesfjella, med éin art som lever på slettene. Dei er mellomstore til store gnagarar som veg frå 800 gram til 8 kg, med sterke bakbein, store øyre og ein buska hale. Alle artane har tjukk, mjuk pels, som i enkelte kulturar blir rekna som verdifull.[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Kjenneteikn

Medlemmene i chinchillafamiliene liknar litt på kaninar eller ekorn og varierer i vekt frå 0,5 til 8 kilogram. Dei har store auge, middels store øyre, mjuk og tett pels, og dessutan korte, buskete halar. Forbeina er kortare enn bakbeina. Forføtene har fire tær, medan bakføtene har fire små klotær hos slektene Lagidium og Chinchilla, men tre store klotær hos pampasviscacha (Lagostomus), ein art som grev. Fortennene veks kontinuerleg gjennom livet. Medlemmene av denne familien er vanlegvis brungrå eller grå på ryggsida (dorsal) og lysare på undersida (ventral). Pampasviscachaer har særeigne svarte og kvite markeringar i ansiktet.[2]

Remove ads

Utbreiing

Chinchillafamilien høyrer heime i Sør-Amerika. Chinchillaer og fjellviscachaer lever i avsidesliggjande fjellområde i Chile og Peru, på steinete overflater og blant kampesteinar. Pampasviscachaer finst på slettene i Argentina, frå Gran Chaco-området og sørover til Patagonia.[2]

Åtferd

Medlemmer av denne familien er planteeterar og lever i koloniar på opptil fleire hundre individ. Pampasviscachaer lever i omfattande nettverk av tunnelar på slettene, der det blir sagt at ti viscachaer kan ete like mykje som éin sau. Fjellviscachaer og chinchillaer lever i ulendte høglandsområde der dei held til i sprekkar mellom steinar og er dyktige klatrarar. Sjølv om dei kan hoppe, bevegar dei seg for det meste ved å gå eller springe. Dei bruker lydar til å kommunisere med kvarandre, særleg pampasviscachaer.[2]

Artsliste

Norske namn etter Store norske leksikon, chinchillider.[3]

Underfamilie Chinchillinae

  • Chinchilla - chinchillaer
  • Korthalechinchilla (Chinchilla chinchilla)
  • Chilechinchilla (Chinchilla lanigera)
  • Lagidium - fjellviscachaer
  • engelsk namn: Ecuadorean mountain viscacha (Lagidium ahuacaense)
  • engelsk namn: Northern viscacha (Lagidium peruanum)
  • Fjellviscacha (Lagidium viscacia)
  • engelsk namn: Wolffsohn's viscacha (Lagidium wolffsohni)

Underfamilie Lagostominae

Remove ads

Status

Begge chinchilla-artane er oppførte som «kritisk trua» (EN) av IUCN og kan vere utrydda i vill tilstand. Dei var ein gong relativt vanlege, men har vorte overutnytta av jegerar av omsyn til pelsen.[4][5] Pampasviscachaen blir rekna som «livskraftig» (LC), ettersom han ser ut til å tolerere habitatforstyrringar. Sjølv om nokre populasjonar lokalt har vorte eliminerte gjennom skadedyrkontroll og jakt, har andre utvida seg til nyrydda område.[6] Både nordlege og sørlege fjellviscachaer blir også rekna som «livskraftige», sidan dei har eit stort utbreiingsområde og er lokalt talrike i enkelte område.[7][8]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads