Chrétien de Troyes
fransk poet og skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Chrétien de Troyes, gammalfransk Crestien de Troies, var ein fransk diktar og trouveur, rekna som ein av dei største diktarane på 1100-talet. Stordomstida hans blir knytt til hoffet rundt Marie de Champagne. Hoffet og personane ved hoffet blir fleire gonger knytte til soga om den heilage gralen.

Ein kjenner til svært lite om livet hans, men han verker å ha vore frå Troyes, eller i det minste knytt til staden, og mellom 1160 og 1172 tente han ved hoffet til grevinne Marie Capet, grevinne av Champagne, som var dotter av Eleanora av Aquitaine. Verka hans med emne om Arthur-legenda representerer noko av det ypparste innanfor mellomalderdiktinga. Chrétien de Troyes er generelt rekna som den fyrste identifiserte franskspråklege romanforfattaren av tyding.
Remove ads
Hofflitteratur

Dei store hoffa var ein yngleplass for litteratur i denne perioden, og hoffet i Champagne var ikkje noko unntak. Her fanst det eit miljø av forfattarar som utveksla idear og tankar. I Champagne var det ei gruppe som heile tida heldt kontakt med og skreiv om hoffet. Gruppa dediserte arbeidet sitt til greven og grevinna. Det som var spesielt med Champagne, var at gruppa med forfattarar brukte det latinske skriftspråket og representerer perioden før litteraturen på morsmålet tok av. Dette set Chrétien de Troyes i ei særstilling, ettersom han skreiv Perceval, le Conte du Gral på gammalfransk. Perceval blei ein av dei mest kjende skikkelsane i mellomalderromansane.
Delar av verka til Chrétien er gått tapt. Av dei attlevande romansane er Erec et Enide (ca. 1170). Denne forteljinga har historia si frå hoffet til kong Arthur. Her er kjønnsrollemønsteret motsett av kva som var vanleg på denne tida ved at det er kvinna som ofrar seg for riddaren. Dette endra seg i den neste romanen Yvain (ca. 1177-1179). Her tok Chrétien for seg det vanlege kjønnsrollemønsteret om ein riddars store eventyr. Denne romanen blei også omsett til gammalnorsk på 1200-talet. Parcevalsoga var omsett etter Chrétien de Troyes sitt verk og kom derfor til å mangla avslutning. Omsetjaren laga ein ende med «Parceval fekk Blankiflur kjærasten sin, og vart ein namnfræg hovding over alt riket hennar; så fræg og sigersæl var han at han aldri åtte strid med nokon riddar utan han sigra.» Han er også omsett i nyare tid av Olaug Berdal.[1] I Lancelot fullendar Chrétien kravet til romansar på denne tida der riddaren prøver å vinna prinsessa si. Det særskilde med denne historia er at prinsessa er ingen andre enn kona til kong Arthur, dronning Guinevere. Riddaren Lancelot må gå gjennom ei rekkje prøvelsar før han oppnår ønsket sitt, og blir då ein av dei berømte melloaldermartyrane for det høviske ekteskapsbrotet.
I Cligès (1176) henta Chrétien stoffet og bakgrunnen for historia frå den bysantinske kjærleiksepikken. Men heile tida er hoffet til kong Arthur i bakgrunnen, som i dei fleste andre romansane hans. Hoffet møter ein også i den uferdige romanen hans rundt Perceval, eller Gralsfortellingen (1190). Her endrar handlingsmønsteret seg frå kjærleik og eventyr over til ei åndeleg utvikling frå barbari til edelmot. Den heilage gralen opptrer i dette verket, for fyrste gong i litteraturhistoria.
Historia blei aldri fullført av Chrétien. Mange forfattarar har prøvd å avslutta verket, mellom anna Wolfram von Eschenbach, Robert de Baron og Gerbert de Montrevill. Hjå desse opptrer dei same kjende personane frå hoffet til kong Arthur, Perceval, Gauvain, Lancelot og Gallahad. Sjølv om nokre av figurane ikkje er nemnde hjå Chrétien de Troyes, gjev dei seg ut med same målet, å få tak i gralen. Problemet som oppstår med dei andre forfattarane, som skriv på eit seinare tidspunkt, er ønsket om å dra inn kristne dydsmønster og ei moraliserande historie. Trass i dette fekk historiene ein stadig auka popularitet i byane, særleg blei Lancelot eit symbol på alle høviske elskarar.
Remove ads
Kjelder
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads