Chris O'Moore

From Wikipedia, the free encyclopedia

Chris O'Moore
Remove ads

Chris O'Moore (fødd 6. februar 1979 i Sacramento) er ein amerikansk-norsk kunstnar, musikar, skribent [1][2][3][4][5], aktivist og tidlegare ortodoks prest, kjend som Christoforos Schuff,[6][7] som har gjort seg merka med samfunnsengasjement og som aktiv deltakar i samfunnsdebatten kring tru, kultur,[8] rettferd i samfunnet og menneskerettar. Han er òg kjend for å tidlegare levd som transkvinne[9]. Han har utdanning innan teologi, språkfag, musikk, rettsvitskap, likestilling, historie og økologisk landbruk både frå Noreg og Hellas og er ein sertifisert Combat Medic som har drive bl.a. med evakueringsarbeid ved fronten i Ukraina i 2022 og 2023.[10]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Samfunnsengasjement

Med grunnlag i samfunnsengasjementet og livssynet sitt har O'Moore vore profilert i media ei rekkje gonger sidan 2006, der han mellom anna vert teikna som oppteken av ein berekraftig og enkel livsstil[11], økologi og rettferd.[12] Ein artikkel i avisa Vårt land i 2006[13] fekk tittelen «Ikke helt ortodoks», og våren 2011 vart han teikna av NRK som «Svartkledt og fargerik»,[14] sannsynleg på grunn av dei ymse rollene han mellom anna har hatt som prest, småbrukar, kunstnar og musikar, m.m. Våren 2011 vart han profilert i livssynsprogrammet Åpen himmel,[15] og i ny utgåve av programmet i 2012 og 2013 med namnet UnderveisNRK[16] og att i 2013. Hausten 2010 vart han involvert i ei kyrkjeasylsak[17][18] då ein serbisk familie frå Kosovo gjekk i asyl hjå den ortodokse kyrkjelyden på Greipstad i Songdalen. Han har elles vorte rådspurd i fleire medium om spørsmål omkring ortodoks historie, tru og tradisjon[19][20] og sidan 2010 i saker om romfolk i Noreg.[21][22][23] Som dåverande prest hadde han uttala seg positivt om retten til samkjønna ekteskap og LHBT-rettar,[24] noko som førte til kritikk frå konservativt kristent hald. Engasjementet og dei teologiske ytringane hans om kjønn og seksualitet førte etterkvart til at han vart suspendert frå embetet som ortodoks prest i 2017. Han har òg vore involvert i fleire saker til støtte for romfolk i Noreg,[25][26][27][28] mellom anna gjennom å formidla arbeid.[29][30][31][32][33] I mars 2013 mottok O'Moore Fokusprisen (diakoniprisen) frå Diakoniforbundet i Agder og Telemark for engasjementet sitt for og solidaritet med utsette eller vanskelegstilte grupper.[34] I 2015 vart han tildelt Brobyggerprisen av Norske kirkeakademier for arbeidet sitt med fattige.[35][36]

Remove ads

Kunst og musikk

O'Moore har gjeve ut tre plater med eigen musikk og ei rekkje singlar. Tidlegare opptredde han tidvis saman med eks-kona si med namnet «Simpleminded». Som kunstnar og scenekunstnar har han óg brukt namna «justXx» og «Queen and Pauper». Ein del av musikken og kunsten hans er kjenneteikna av samfunnsengasjement og mellom komposisjonane hans finn ein anti-krigssongane «God damn the war»[37] og rap-singelen «War and More»[38] frå 2011. Singelen «My friend» frå 2009 handlar om ein barndomsven som vart dømd for drap i USA.

Remove ads

Helse

16. januar 2013 kom det fram i eit intervju med Fædrelandsvennen at O'Moore var vorten kreftsjuk[39] med diagnosen follikulært lymfom, ei form for lymfekreft som vert rekna for å vera ulækjeleg.[40]

Diskografi

  • The Cry (2001)
  • The Call (2001)
  • Live (2003)
  • God damn the war - singel (2011)
  • War and More - singel (2011)
  • Christmas Song - singel (2011)[41]
  • Recuerdo - singel (2012)
  • Hellige natt - singel (2014)[42][43]
  • Para siempre - singel (2015), under artistnamnet Chris Padrino
  • What they say - singel (januar 2023)
  • As I Be - EP (2023)

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads