Slangeørner
slekt av haukefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Slangeørner (Circaetus) er ei biologisk slekt av mellomstore ørner i haukefamilien Accipitridae. Fem artar lever i Afrika. Den sjette, arten slangeørn, hekkar frå Middelhavsbassenget til Russland, Midtausten og India, og overvintrar i Afrika sør for Sahara og austover til Indonesia.
Slekta Circaetus vart introdusert i 1816 av den franske ornitologen Louis Pierre Vieillot for å romme ein enkelt art, arten slangeørn, som derfor blir rekna som typearten.[1][2] Slektsnamnet er frå det antikke greske kirkos, ein «hauk», og aetos, «ørn».[3] Slekta inneheld seks artar.[4]
Remove ads
Skildring
Slangeørner finst i opne habitat som dyrka sletter og tørre savannar, men krev tre for å byggje eit pinnereir. Det er hovudsakleg hoa aleine som rugar det eine egget i kullet.
Circaetus-ørner har eit avrunda hovud og breie venger. Dei jaktar på krypdyr, hovudsakleg slangar, men tek også øgler og nokre gonger små pattedyr.
Artsliste
Circaetus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1. 2024.[4] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[5]
- Slangeørn, Circaetus gallicus, Short-toed Snake Eagle, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
- Guineaslangeørn, Circaetus beaudouini, Beaudouin's Snake Eagle, Verreaux, J & des Murs, 1862, (VU)
- Svartbrystslangeørn, Circaetus pectoralis, Black-chested Snake Eagle, Smith, A, 1829, (LC)
- Brunslangeørn, Circaetus cinereus, Brown Snake Eagle, Vieillot, 1818, (LC)
- Kystslangeørn, Circaetus fasciolatus, Southern Banded Snake Eagle, Kaup, 1847, (NT)
- Bandslangeørn, Circaetus cinerascens, Western Banded Snake Eagle, Müller, JW, 1851, (LC)
- Slangeørn, Circaetus gallicus
- Svartbrystslangeørn, Circaetus pectoralis
- Guineaslangeørn, Circaetus beaudouini
- Brunslangeørn, Circaetus cinereus
- Kystslangeørn, Circaetus fasciolatus
- Bandslangeørn, Circaetus cinerascens
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads