Clarsachbreen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Clarsachbreen er ein isbre som flyt sør mellom Prague Spur og Finlandia Foothills nord på Aleksanderøya i Antarktis. Breen vart fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947–48, og vart kartlagt frå bilete av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Vidare kartlegging vart gjort frå flyfotografi teken av U.S. Navy 1966–67 og frå amerikanske Landsat-bilete frå januar 1974. Han fekk dette namnet av UK Antarctic Place-Names Committee i 1977. I planet har isbreen ein kontur som ser ut som ein clàrsach, eller ei irsk harpe.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Clarsach Glacier» frå Wikipedia på engelsk, den 4. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Clarsachbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads