Class of '55
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Class of '55 er eit studioalbum frå 1986 av Johnny Cash, Jerry Lee Lewis, Roy Orbison og Carl Perkins.
Remove ads
Albumet var til dels ei hyllest til Elvis Presley, men var i hovudsak til minne om dei mange unge håpefulle, som dei fire artistane på albumet var ein del av, som kom til Sun Records i 1955 for å lage rock and roll, som nettopp hadde starta då. Det vart spelt inn i Sam Phillips sitt Sun Studio og vart gjort ferdig i American Sound Studios. Innspelinga av albumet vart dokumentert av Dick Clark Productions, som filma frå start til slutt.[3]
Den siste songen i innspelinga, «Big Train (frå Memphis)», var skriven av John Fogerty og har med John Fogerty, The Judds, Dave Edmunds, Ricky Nelson, Sam Phillips og June Carter Cash på vokal.[4]
«Interviews from the Class of '55 Recording Sessions» vann Grammy-prisen i 1987 for beste talte album. For Ricky Nelson vart dette den siste innspelinga hans før han døydde.
Cash, Lewis og Perkins hadde tidlegare spelt saman i 1956 i det som vert kalla Million Dollar Quartet og i 1982 med The Survivors Live.
Eit fjernsynsprogram med bilete frå innspelinga vart sendt i 1989.[5]
Remove ads
Innhald
- Side ein
- Carl Perkins – «Birth of Rock and Roll» (Carl Perkins/Greg Perkins) – 4:21
- Jerry Lee Lewis – «Sixteen Candles» (Luther Dixon/Allyson Khent) – 3:48
- Carl Perkins – «Class of '55» (Chips Moman/Bobby Emmons) – 2:56
- Perkins, Lewis, Orbison & Cash – «Waymore's Blues» (Waylon Jennings/Curtis Buck) – 2:25
- Johnny Cash – «We Remember the King» (Paul Kennerly) – 2:58
- Side to
- Roy Orbison – «Coming Home» (Orbison/Will Jennings/J.D. Souther) – 3:59
- Perkins, Lewis, Orbison & Cash – «Rock and Roll (Fais-Do-Do)» (Michael Smotherman) – 3:17
- Jerry Lee Lewis – «Keep My Motor Running» (Randy Bachman) – 2:52
- Johnny Cash – «I Will Rock and Roll with You» (Cash) – 2:01
- Perkins, Lewis, Orbison & Cash – «Big Train (from Memphis)» (John Fogerty) – 7:56
Remove ads
Medverkande
- Johnny Cash — vokal, gitar
- Carl Perkins — vokal, gitar
- Jerry Lee Lewis — vokal, piano
- Roy Orbison — vokal
- Jack Clement, Marty Stuart — korvokal, gitar
- Reggie Young, Bob Wootton, Kenneth Lovelace, J.R. Cobb — gitar
- Memphis Strings — strings
- Ace Cannon, Wayne Jackson, Jack Hale Jr., Bob Lewin — horns
- Bobby Emmons — klaverinstrument, Synclavier
- Mike Leech, Bob Moore — bass
- Gene Chrisman, WS Holland, Buddy Harmon — trommer
- Toni Wine, Paul Davis, Dan Penn, June Carter Cash, Rebecca Evans, Chips Moman, Reba Russell, Sam Philips, John Fogerty, Dave Edmunds, The Judds, Rick Nelson — korvokal
Remove ads
Lister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads