Claus Fasting
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Claus Fasting (29. oktober 1746–24. desember 1791) var ein norsk forfattar frå Bergen.
Fasting studerte teologi og tok embetseksamen, men interesserte seg meir for språk, litteratur, musikk og jus. Frå København flytta han heim til Bergen, der han i 1771 gjorde lukke med Et musikalsk Hyrdestykke. Der etter reiste han til København att og var aktiv i det Norske Selskab, skreiv tragedien Hermiones. Frå 1777 budde han i Bergen, gav 1778-81 ut vekebladet Provinzialblade. I 1787 fekk han stilling som rådmann i heimbyen. Siste leveåret sende han ut Provinzial-Samlinger.
I blada sine skreiv Fasting anekdotar, epigram og kritikk. Han var ein åndfull og kunnskapsrik mann, og ein flink stilist. Han var opplysningsmann og hylla Voltaire, fann også glede i skrifter frå William Shakespeare, Ossian, Johann Wolfgang Goethe og Johannes Ewald. Sjølv var Fasting ingen stor diktar, men ein uredd skribent og formidlar av europeiske tankar.
Remove ads
Kjelder
- Norsk Allkunnebok. IV. bandet. 1952
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads