Clichy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Clichy er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 6,4 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus og like over 55 000 innbyggjarar fordelt på berre 3 km². Dette gjer byen til ein av stadane i Europa med høgaste folketettleik.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...

Hovudkvarteret til L'Oréal, det største kosmetikkselskapet i verda, og Sony Frankrike ligg i Clichy.

Remove ads

Namn

Namnet Clichy vart første gong nedskrive på 500-talet som Clippiacum, og seinare endra til Clichiacum, som tyder «eigedomen til Cleppius», ein gallo-romersk landeigar.

1200-talet vart slettene i Clichy nytta som ein garenne, ein jaktpark for kongen og adelsfolk. Clichy vart derfor kjend som Clichy-la-Garenne.

Mellom 1793 og 1795, under den franske revolusjonen, gjeve namnet Clichy-la-Patriote (som tyder « Patrioten Clichy»), kanskje fordi ordet garenne minna om dei føydale privilegiane ein forkasta i 1789.

Etter revolusjonen vart det offisielle namnet Clichy, noko kommunen framleis heiter i dag. Ofte vert derimot kommunen referert til som Clichy-la-Garenne, sjølv om dette ikkje er det offisielle namnet.

Remove ads

Historie

Clichy var hovudstad for merovingiarane under styret til Dagobert I.

I 1830 vart ein del av området til Clichy ein del av kommunen Batignolles-Monceau. I 1860 annekterte byen Paris det meste av Batignolles-Monceau i samband med utvidinga av Paris. Samstundes vart ein liten del av Batignolles-Monceau gjeve tilbake til Clichy.

I 1867 vart ein del av kommunane Clichy og Neuilly-sur-Seine slått saman til kommunen Levallois-Perret.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads