Kochi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kochi
Remove ads

Kochi (tidlegare Cochin) er ein hamneby på Malabarkysten i den indiske delstaten Kerala. Han ligg i Ernakulam distrikt midtvegs i delstaten, og er også kjend som Ernakulam. Han har 677 381 innbyggjarar (2011),[1] og er den tettast folkesette byen i Kerala. Storbyområdet rundt byen husar 2,1 millionar i eit areal på 440 km², noko som gjer det til det folkerikaste byområdet i Kerala.

Kjappe fakta Land, Stat ...

Kochi er blitt kalla 'Dronninga av det arabiske havet', og var eit viktig handelssenter for krydder frå 1300-talet av. I 1503 blei Kochi okkupert av det portugisiske imperiet som den første av dei europeiske koloniane i India. Han var hovudsete for Portugisisk India til 1530, då Goa overtok denne rolla. Seinare blei Kochi teken over av det nederlandske imperiet og til slutt britane. Kongedømet Cochin blei ein vasallastat.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads