Colca-dalen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Colca-dalen (spansk Valle del Colca) er eit dalføre, dels eit steilt gjel (canyon) omtrent 160 kilometer nordvest for byen Arequipa i Peru. Med ei djupne på mellom 1000-2000 meter, botnen ligg på ca. 2000 meter over havet og kanten er på 3000-4000 moh., er dette ein av dei djupaste canyonar i verda. Lengda er omtrent 70-100 kilometer, mellom byen Chivay lengst i aust og landsbyen Andamayo i vest.[1] Colca-dalen har samfunn som er forankra før inkatida, og landsbyar grunnlagt i spansk kolonialtid, framleis med bebuarar frå opphavlege kulturar. Den lokale folkesetnaden held oppe tradisjonane sine og held fram med dyrking i terrassane frå før inkatida.
Foto: José Porras
Remove ads
Mellom 100 000 og 200 000 menneske vitjar Colca canyon årleg, med det er området tredje største turistmålet i landet.[2] Turistar kjem til utkikksplassen Mirador Cruz del Condor for å sjå andeskondorar, og for fotturar på eit utval av stiar. Ein kan sjå Nevado Mismi, 5597 moh., på nordsida av dalen, av mange rekna som den mest fjerne vasskjelda til Amazonaselva.[3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads