Duefuglar
fugleorden From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Duefuglar er ein biologisk orden, Columbiformes, med nolevande fuglar frå ein familie: Dei talrike og vidspreidde duene, Columbidae.
Duene har eit kranium som minner om det på måsar. Brystmuskulaturen er kraftig og baktærne velutvikla. Fjørene sit laust og manglar dun, i staden er dekkefjøra dunaktige.
Dei et særleg frø og har ei velutvikla kro. Nasebora kan stengast og dei kan drikka utan å løfta hovudet.
Sandhønsfamilien var tidlegare rekna til denne ordenen, men er seinare blitt skilde ut i den eigne ordenen Pteroclidiformes. Dei no utdøydde drontane, Raphidae, var òg medlem av ordenen duefuglar.
Remove ads
Kjelder
- PDF-fil om fuglar (Aves) på uib.no
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads