Commodore PET
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Commodore PET (Personal Electronic Transactor) var den første datamaskina som vart laga av det amerikanske føretaket Commodore Business Machines. Føretaket hadde tidlegare berre laga kontormøblar og kalkulatorar. Den første PET-modellen kom ut i 1977. Den vart kalla PET 2001 og kom med 4 eller 8 kb med valfri RAM. Seinare revisjonar av modellen kunne nytte 16 eller 32 kb med RAM.
Kassettspelaren, som vart nytta som lagringsmedium, var innebygd i systemet og det var difor lite plass attende til tastaturet. Trass det vesle tastaturet vart PET 2001 ein populær modell.
Då Commodore lanserte PET i Europa vart maskinane selde under namnet CBM, ettersom det nederlandske føretaket Philips alt selde datamaskiner under dette merkenamnet.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads