Communiqué
studioalbum av Dire Straits From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Communiqué er det andre albumet til det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut 15. juni 1979 av Vertigo Records internasjonalt og Warner Bros. Records i USA. Albumet gav singelen «Lady Writer», som nådde 45. plassen på Billboard Hot 100-lista og 51. plassen på UK Singles Chart. Albbumet nådde førsteplassen på albumlistene i Tyskland, New Zealand og Sverige, 11. plassen i USA, og femteplassen i Storbritannia. Communiqué selde til gullplate i USA, platina i Storbritannia og dobbel-platina i Frankrike.
Remove ads
Innspeling
Communiqué vart spelt inn frå 28. november til 12. desember 1978 ved Compass Point Studios i Nassau. Albumet vart produsert av Barry Beckett og Jerry Wexler, veteranprodusentar frå Muscle Shoals Sound Studio som gjorde legendariske innspelingar med Wilson Pickett, Aretha Franklin, the Staple Singers, The Rolling Stones, Traffic, Elton John, Boz Scaggs, Willie Nelson og Paul Simon.
Utgjeving
Communiqué vart det første albumet nokon gong som gjekk til førsteplassen i Tyskland same veka som det kom ut. Dette skjedde i tillegg medan debutalbumet Dire Straits framleis låg på tredjeplassen i landet. Albumet selde over 7 millionar eksemplar verda over, mellom anna 3,6 millionar i Europa.
Communiqué vart remastra og utgjeve med resten av Dire Straits-katalogen i 1996 for det meste av verda utanom USA, og den 19. september 2000 i USA.
Remove ads
Plateomslag
Plateomslaget vart laga av Grant Advertising UK. Det vann prisen for årets plateomslag i NME awards i 1979.
Mottaking
I meldinga si for AllMusic gav William Ruhlmann albumet 2,5 av 5 stjerner og skreiv at albumet ikkje verka å vere «noko meir enn ein blåkopi av føregjengaren med litt mindre uimotståelege songar».[1]
Innhald
Alle spor skrivne av Mark Knopfler
Medverkande
- Musikk
- Mark Knopfler – vokal, solo- og rytmegitar
- David Knopfler – rytmegitar and vokal
- John Illsley – bass and vokal
- Pick Withers – trommer
- B. Bear[Merk 1] – klaverinstrument
- Production
- Barry Beckett – produsent
- Jerry Wexler – produsent
- Jack Nuber – lydteknikar
- Thelbert Rigby – lydbandoperatør
- Gregg Hamm – miksing
- Bobby Hata – mastering
- Paul Wexler – masteringleiar
- Geoff Halpin – illustrasjonar
- Bob Ludwig – remastering
- Alan Schmidt – design[3]
Remove ads
Lister og salstrofé
Album
Communiqué låg 30 veker inne på den britiske albumlista.
Singlar
Sal og salstrofé
Remove ads
Fotnotar
- B. Bear er produsent Barry Beckett.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads