Condeep

From Wikipedia, the free encyclopedia

Condeep
Remove ads
Remove ads

Condeep er ei nemning på ein serie oljeplattformer. Plattformene vart utvikla i Noreg for produksjon av olje og gass i Nordsjøen. Namnet kjem av engelsk «concrete deep water structure», eller djupvasstruktur av betong.

Thumb
Ei Condeep-plattform under bygging i Stavanger.

Plattforma kviler på tjukke betongtankar som står på havbotnen og fungerer som oljelager. Frå desse stikk så ei, tre eller fire slankare hole søyler, som går rundt 30 meter høgare enn havoverflata.

Det var Stavangerfirmaet Norwegian Contractors som utvikla konseptet med Condeep-plattformer frå 1973, etter suksessen med betongtanken på Ekofiskfeltet.

Condeep-plattformer vert ikkje produserte lenger. Dei store betongplattformene er utkonkurrerte av nye, billegare havbotnrammer saman med (bustad-) produksjons-, lagrings- og utlastingsskip, ofte nemnt med det engelske omgrepet 'Floating Production, Storage and Offloading', FPSO. Den siste condeep-plattforma i Noreg vart produsert på 1990-talet.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads