Myggetarar
familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Myggetarar, Conopophagidae, er ein familie av sporvefuglar med utbreiing i Sør-Amerika. Dette er ein familie på 10 artar i to slekter Conopophaga og pittasoma. [1] Det finst relativt lite kunnskap og få studiar om myggetarar grunna fjerne og uklåre habitat for artane.

Foto: Flickr-brukar HarmonyonPlanetEarth
Myggetarar har habitat i underskog, i bambuskratt, på skogbotnen lågt i Amazonasbassenget og i litt høgare nærliggande terreng. Somme artar lever i tett kratt, andre i meir open skog. Men alltid mellom bakken og ca. 1,5 m over bakken, sjeldan direkte på bakken med unntak for å snappe føde.
Fuglane har ei rund kroppsform, har kort stjert, lange bein og står oftast oppreist. Dei er frå 12 til 18 cm i lengd. Kjønna har ulike fjørdrakter, hannane har attraktive fargar i raude og brune nyansar. Dei fleste artane har ein kvit dott bak augo.
Som namnet seier er desse artane insektetarar. To metodar for å fange byttet er vanlege; den eine er å slå seg ned litt over skogbotnen og for søkje bytte og så kaste seg ned for å snappe det. Den andre metoden er å plukke insekt direkte frå bladverk, trestammar og greiner av låg vegetasjon. Typiske byttedyr omfattar kongroer, larver, grashopper og biller. Ein har observert at individ av enkelte artar et frukt og i eitt døme ein frosk.

Foto: Dario Sanches

Foto: Dario Sanches
Remove ads
Artsliste
Myggetarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
Slekt Conopophaga
- Rustmyggetar, Conopophaga lineata, Rufous Gnateater, LC, Wied, 1831
- Amazonmyggetar, Conopophaga aurita, Chestnut-belted Gnateater, LC, Gmelin, 1789
- Hettemyggetar, Conopophaga roberti, Hooded Gnateater, LC, Hellmayr, 1905
- Svartbrystmyggetar, Conopophaga melanogaster, Black-bellied Gnateater, LC, Ménétries, 1835
- Perumyggetar, Conopophaga peruviana, Ash-throated Gnateater, LC, Des Murs, 1856
- Andesmyggetar, Conopophaga castaneiceps, Chestnut-crowned Gnateater, LC, Sclater, 1857
- Skifermyggetar, Conopophaga ardesiaca, Slaty Gnateater, LC, d'Orbigny & Lafresnaye, 1837
- Svartkinnmyggetar, Conopophaga melanops, Black-cheeked Gnateater, LC, Vieillot, 1818
Slekt Pittasoma
- Svartkronemaurpitta, Pittasoma michleri, Black-crowned Antpitta, LC, Cassin, 1860
- Rustkronemaurpitta, Pittasoma rufopileatum, Rufous-crowned Antpitta, NT, Hartert, 1901
Remove ads
Fotnotar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads